Nyhetsarkiv

  • Nytt frå mobbeombodet

    Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skulen.

    Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gi støtte og rettleiing til barn, elevar og foreldre som står i vanskelige situasjonar. I tillegg jobbar mobbeombodet med førebygging og bidreg gjerne med kurs og foredrag på ulike områder.

  • Oppstart etter koronatiltak

    No har det allereie gått ei veke med nye rutiner etter den nye smittevernrettleiaren under covid-19 utbrotet, og det har gått overraskande bra.
    Barna ser ut til å vere fornøgde med å starte i barnehagen igjen, og tilpassa seg fort.

  • Lihkku Beivviin!

    Torsdag 6. februar heisa vi sameflagget og markerte samane sin nasjonaldag i barnehagen.

  • Ut på tur, aldri sur!

    Krikane barnehage ligg i sentrumsområdet med tilgang til mange flotte turområder, noko vi benyttar oss av ofte. Vårt eige uteområde er forholdsvis flatt, og har fleire kjekke leikestativ, men natur må vi utom gjerdet for å finne. Vi kombinerer tur med matlaging, solid start og samlingsstunder med forskjelllig innhald. Vi forsker og undrer oss over naturen, og andre spennande tema som kan dukke opp langsmed. Av og til er turmålet turen i seg sjølv, og ikkje staden vi skal til. Utrulig kor mykje spennande ein finn langs vegen, og gode samtaler er det mange av.

  • Open dag i Krikane barnehage

    Torsdag 9. januar kl 17 og torsdag 16. januar kl 10 inviterer vi til open dag i Krikane barnehage. Velkomen!

  • Språkmiljøet i barnehagen

    Barnehagane i Sykkylven bestemte seg for ei stund tilbake at det kunne vere greit å ha ei felles plattform i høve den språklege ballasten ein sender barna til skulen med. Vi blei einige om Nyborgmodellen, noko både spesialpedagogar og skulane er kjend med frå før, men òg nokre av barnehagane har brukt den. Dette blei ei felles satsing, og vi har brukt to heile studiedagar til dette.
    I tillegg har vi her i Krikane jobba med temaet på personalmøter, og hatt kurs i Bravoleiken.

  • Enda eit barnehageår er snart over

    Det nærmar seg sommarferie på rett!

  • Russedåp

    Då var det denne tida på året igjen, og kva er vel meir stas enn å vere russ? Og jaggu jobbar det ikkje tre flotte «russar» i barnehagen til å døype førskulebarna. For ein flaks!

  • Studiedag 2. april "Relasjonskompetanse"

    Oh, what a day and what a man!

  • Ein god start på det nye året

    No skine sola i barnehagen, Og vi er glade som aldri før, Vi tek av hue og tjukke dressa, Og nyter varmen i godt humør. Heisann, no koser alle seg, I sola med deg og meg!

  • Besøksdag

    Krikane barnehage inviterer til besøksdag onsdag 23. januar.
    Kl 9.30-11.30 og kl 17.00-18.00.

  • FN-kafè

    I høve FN-dagen 24. oktober arrangerte vi kafè på barnehagen. Vi selde produkt som barna laga, lodd og kaker. Vil takke alle foreldre som bidrog med bakst, utan dykk hadde ikkje det blitt kafè :D

  • "Barn i bil"-kampanje

    Dei to neste vekene køyrer Trygg Trafikk ein kampanje om sikring av barn i bil, og dei samarbeidar med barnehagane i Sykkylven og lokalt politi.

    Eit usikra barn kan bli alvorleg skada, sjølv i lav hastigheit. Sørg derfor alltid for å sikre barnet ditt, òg på kortare turar. Montèr barnesikringsutstyret etter produsenten sine anvisningar, og bruk det rett. Alle barneseter er inndelt etter vektklassar, og det er viktig å følge desse klassene.

  • Karneval

    I år som i fjor blei karnevalet ei kjekk feiring, for både små og store! Med pynta barnehage, både inne og ute, fotovegg i garderoba som blei flittig brukt under levering og fellessamling for heile barnehagen.

  • Samefolkets dag

    6. februar er samane sin nasjonaldag. Nasjonaldagen blei vedteken av samekonferansen i 1992 og er felles for alle samar i Norge, Sverige, Finland og Russland. Datoen er valgt på grunn av det første samiske landsmøtet 6. februar 1917.

  • Har du ikkje valgt barnehage enda?

    Veit ikkje du kva barnehage du skal søkje på? Veit du for lite om barnehagane?
    Ta kontakt, og vi kan vise fram vår barnehage!

  • Endra søknadsfrist for barnehageåret 2018/2019

    Søknadsfrist til hovudopptaket er 14. februar 2018!

    Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2018. NB: Søknadsfristen til hovudopptaket har tradisjonelt vore 1. mars, men vert no flytta fram om lag to veker. Årsaka til dette er at kommunestyret har fatta vedtak om budsjettkutt i barnehagesektoren som kan innebere at ein kommunal barnehage vert lagt ned frå komande barnehageår. Dersom dette vert ein realitet, treng kommunen lenger tid på prosessen kring hovudopptaket. Endeleg vedtak vert fatta 27. februar.

  • Implementering av ny rammeplan

    Onsdag 15. november fekk vi besøk av Silje Ims Lied frå Høgskulen i Volda, som haldt kurs for alle barnehagetilsette i Sykkylven om korleis vi kan implementere den nye rammeplanen som kom i august.

  • FN-DAGEN

    På FN-dagen 24. oktober arrangerte barnehagen kafè. Vi selde kaker som foreldra baka, lodd og kunst av barna. Det vart eit godt bidrag, og vi er stolte og takksame for barna og foreldra vi har i barnehagen, utan dei hadde det ikkje gått!

  • Studiedag 26. september

    25. og 26. september var det studiedagar på kulturhuset for alle barnehagane i Sykkylven. Barnehagane blei delt i to grupper, då kurset inneholdt både teori og praksis. Vi fekk besøk av to kjekke damer frå Sherborneforeininga, som eit ledd i den kommunale satsinga SOLID START SYKKYLVEN.

  • Modellen SOLID START SYKKYLVEN

    SOLID START SYKKYLVEN er ei satsing på motorikk og fysisk aktivitet i barnehagen, etter inspirasjon frå Gausdalmodellen (http://www.gausdal.kommune.no/gausdalprosjektet.193973.no.html).
    Satsinga er i samarbeid med kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, og omfatter alle barn i aldersgruppa 3-6 år i barnehagen. Nokre barnehagar vil òg inkludere dei minste barna, og det gjer vi i Krikane barnehage.

  • Velkomen til nytt barnehageår

    Vi i Krikane Barnehage vil ønskje nye og gamle barn velkomen til eit nytt år!

  • Solfest

    Sola er god, sola er toppen,
    sola som varmer og bruner på kroppen,
    sola som skinner hver morgen for meg,
    sola i Krikane er best synes jeg!!

  • Krikane barnehage 10 år!!

    16. februar feira vi 10 års jubileum i barnehagen. Det blei ei kjekk og vellykka feiring, og eg trur alle hadde ein fin kveld.

  • Foreldreundersøkelsen 2016

    Då er Foreldreundersøkelsen ferdig, og vi fekk inn 81,16% svar. Det er vi veldig fornøgd med!

  • Studiedagar i november

    I veke 45 var barnehagen stengd i to dagar, då personalet i Krikane hadde studiedagar saman med fleire andre barnehagar i bygda. Desse dagane dreidde seg hovudsakleg om voksenrolla, og var to kjekke og nyttige dagar.

  • FN-kafè 24. oktober

    24. oktober hadde vi FN-kafè i barnehagen, og i år deltok vi på FORUTs barneaksjon. Barneaksjonen er eit pedagogisk opplegg der vi lærer om barn i andre land, og det leggjast vekt på demokrati, solidaritet, toleranse, kulturforskjellar og fordeling av verdas ressursar.

  • 17 .mai markering i bhg :)

    Hipp hipp Hurra! :) I dag har vi øvd oss på å gå i tog. Turen gjekk ned til Nyborg fabrikker. Der blei alle spandert på is av Nyborg ! Stor glede :) Tilbake i barnehagen hadde vi forskjellige leikar og avslutta med pølse med brød. Håpar veret blir like fint på 17. mai! Nydelig og kjekke dag :)

  • Påskefrokost

    I dag torsdag 17.03.16 serverte vi påskefrokost i barnehagen. Mange foreldre og barn tok frokosten i barnehagen i dag.Veldig kosleg start på dagen ! Vi ynskje alle ei riktig god påske ! :)

  • Markering Samefolketsdag 6 . feb!

    Denne veka har vi lært litt om samefolket, i samanheng med samefolketsdag som er 6. februar. I byrjinga av veka hadde vi samlingar, der barna fikk lære om samane. Onsdag 3. februar fikk vi besøk av Toril Larsen. Ho hadde på seg samedrakta si, slik at barna fikk sjå korleis den ser ut. I tillegg hadde ho med nokon andre ting som barna fikk sjå og bli kjend med. I dag 4. februar har vi ete ”bidos” . Bidos er samefolkets tradisjonelle festmat.

  • Minner om søknadsfrist for barnehageplass 1 .mars 2016!

    Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2016. Alle barn som er fødd før 1. november 2015 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket.
    Søknadsfrist: 1. mars 2016
    Søknaden finn du på : http://www.sykkylven.kommune.no


  • Nissefest 18.12.15

    Hei, og God jul alle saman !

    Vi hadde ein super kjekk nissefest ! Nissen kom på besøk og vi åt masse god nissegraut :)

  • Vellykka FNkafe' fredag 23.okt!

    Fredag 23.okt inviterte vi foreldre, sysken og besteforeldre til FN-kafe' i barnehagen. Her hadde vi kakesalg, basar og salg av Forutprodukter. Vi klarte å samle inn heile 8800 kr til Foruts barneaksjonen. Tusen takk til alle foreldre om baka kaker ! :) :)I årets barneaksjon fikk vi møte Biswas (5 år), Nischal (6 år), Puspa (7 år), Anjali (11 år) og fleire barn som bur på landsbygda utanfor Katmandu i Nepal. FORUT ynskjer at barn i Norge skal lære om barn i andre land og betre forstå at det går an å hjelpe dei som ikkje har det så bra som oss. Dette har vore kjempe kjekt ! :)


  • Besøk av KrF politiker Per Gunnar Holmberg .

    Vi i Krikane barnehage vil takke Per Gunnar Holmberg frå KrF for koseleg besøk. Det var eit lærerikt besøk for oss begge. Vi viste han litt rundt i barnehagen, og satt oss ned og fekk snakka litt om barnehagesaker som opptek oss. Vi satte ekstra fokus på at vi ønskjer ei lovfesta bemanningsnorm, og nok barnehagelærarar.

    På bildet ser vi Sara Gjelseth Sølvik og Andrine Løkken Vangen, ilag med førskulelærar Lillian Gjelseth og KrF politikar Per Gunnar Holmberg.

  • Dugnad tysdag 25 august.

    Imponerende og flott innsats på dugnad ! Tusen takk til alle om måtte opp tysdag ettermiddag ! :) Vi er kjempe glade over alt dei dyktige foreldrene klarte å få gjort ! :)))

  • Velkommen til nytt barnehageår !

    Da er vi godt i gang med eit nytt barnehageår ! Velkommen store og små :) Vi alle gleder oss til eit spennande og innhaldsrikt år ! :)

  • Ny frisørsalong!

    Onsdag 17 juni fikk vi overrekt ein kjempe fin frisørsalong. Valgfaggruppa Design på 10. trinn har det siste halvåret bygd leikehus. Krikane barnehage var så heldige å få frisørsalongen som desse flinke jentene har laga! Tusen takk ! Dei har virkeleg gjort ein kjempe jobb ! :)

  • SOLFEST 11.MARS

    Torsdag 11. mars hadde vi solfest i barnehagen . Vi feira at sola er tilbake i barnehagen etter ein lang vinter. Vi lagar solbollar, gul drikke og alle barna får kvar si solkrone. Tradisjon som det har blitt var det i år personalet på blåklokka som dramatiserte "Fabelen om sola og vinden". Kven er sterkast og får frakken til mannen? Sola eller vinden? Dette er ein kjempe kjekk dag med mykje sol og glede!

  • Karneval 13 februar 2015

    Vi hadde fellessamling på kjøkkenet. Voksne frå Marikåpa dramatiserte eventyret om Skinnvotten.
    Vi tok fram alle gruppevis og song om dei, prinsesser, superheltar, dyr, sjørøver osv.
    Vi song og dansa til samba musikk 😊

    Etterpå slo vi katta ut av sekken, og i den var det rosiner 😉

    Til slutt laga vi til ein kiosk der barna kom og fekk seg pølse med brød, saft og poppkorn 😃

  • Ski og akedag for store og små.

    Endeleg kom mykje herlig snø! Og da måtte vi så klart ha ski -og akedag i barnehagen. Storbarn baka bollar og hadde varm saft , mens småbarn kosa seg med gode havrevafler. To kjekke dagar med knall og fall, og mykje kos og moro! :)

  • Bukkene Bruse på fellessamling.

    I januar var det Løvetanna sin tur til å ha fellessamling. Vi har fellessamling siste fredag kvar månad. Barna dramatiserte Bukkene Bruse medan dei vaksne hadde eit egenkomponert skodespel. Mykje moro :-)

  • Ny søknadsfrist for barnehageplass er 8 .mars!

    Kommuna har endra fristen for å søke barnehageplass frå 1.mars til 8.mars. Ettersom foreldre må vente med søknadane til etter at kommunestyret 9. februar har gjort vedtak om kva for barnehage som skal leggast ned, er det mange som meiner at det er for tidleg å setje søknadsfristen til 1. mars. Difor vert denne fristen no endra til 8.mars.

  • Julegudsteneste i kyrkja

    4. desember var storbarn på julegudsteneste i kyrkja.

  • Solsikkeaksjon 2014

    Fredag 24.oktober inviterte barnehagen foreldre, søsken og besteforeldre til Kunst-kafe. Inntektene gikk til SOS- barnebyar sin Solsikkeaksjonen der målet er å gi barn i Zimbabwe ein trygg heim.

  • Velkomen til oss i Krikane Barnehage!

    Krikane barnehage har vi som mål å sende heim trygge og glade barn, som har hatt ein innhaldsrik og kjekk barnehagedag med gode vennskap og mykje leik. Barna skal ha eit personale som skapar ein kvardag prega av nyskjerrigheit og undring, glede og humor, omsorg og anerkjenning. Alle barn er unike og dei skal oppleve å bli sett, oppleve meistring og bli teke på alvor. Vi jobbar for at barna skal få ein tilpassa og utfordrande barnehagekvardag der barnet sitt beste er i fokus, i nært samarbeid med heimen.