FN-kafè 24. oktober

24. oktober hadde vi FN-kafè i barnehagen, og i år deltok vi på FORUTs barneaksjon. Barneaksjonen er eit pedagogisk opplegg der vi lærer om barn i andre land, og det leggjast vekt på demokrati, solidaritet, toleranse, kulturforskjellar og fordeling av verdas ressursar.

I forkant av kafèen blei vi kjend med Nishal og Biswas, to gutar frå Nepal, og Puspa, ei jente som bor på barneheim, og livet deira i Nepal. Vi har høyrd historier, teikna, sett film og dansa til den flotte og fengjande musikken. I år har FORUT samarbeida med Gaute Ormåsen og Øisteins blyant, og dei har stått for litt av opplegget. Om dykk vil lese meir om opplegget, så står det mykje inne på heimesida til FORUT.

På kafèen selde vi produkt frå FORUT, hadde basar, selde produkt som barna har laga og kaker. Vi fekk inn rett over 9000 kr, og det er vi veldig nøgde med. Bra innsats frå små og store i barnehagen, og ikkje minst dykk foreldre, TAKK :)

Til slutt ein liten video!

https://www.youtube.com/watch?v=EtzLCfwJ6JY#action=share