Språkmiljøet i barnehagen

Barnehagane i Sykkylven bestemte seg for ei stund tilbake at det kunne vere greit å ha ei felles plattform i høve den språklege ballasten ein sender barna til skulen med. Vi blei einige om Nyborgmodellen, noko både spesialpedagogar og skulane er kjend med frå før, men òg nokre av barnehagane har brukt den. Dette blei ei felles satsing, og vi har brukt to heile studiedagar til dette. I tillegg har vi her i Krikane jobba med temaet på personalmøter, og hatt kurs i Bravoleiken.

Nyborgmodellen handlar om systematisk omgreplæring av grunnleggande omgrepssystem som farge, form, stilling, retning etc. Dette skal gi barna gode forutsetningar for all vidare læring, vi skal rett og slett lære dei å lære. Denne modellen er basert på forskning om korleis barn lære, og det var Magne Nyborg som utvikla den. Han var ein norsk forskar i kognitiv læringspsykologi. Om nokon kjenner til Tuba Luba, leseverk brukt i skulen, så er dette basert på denne modellen bl.a.

På studiedagane var det Solveig Nyborg som var her å haldt kurs, svigerdatter av Magne. Første dag var for det meste teori, medan andre dagen blei brukt til litt teori, men mest gruppearbeid og planlegging om korleis bruke denne modellen i barnehagen. Den er i utgangspunktet veldig skulsk, så vi må bruke den på ein litt anna måte.

For dei som vil lese meir: Nyborgmodellen

For å supplere denne modellen som er mykje retta til dei største, leigde vi inn Elisabeth (søstra til gründer Heidi) frå Intempo for å kurse oss i Bravoleiken, som er mest retta for dei minste. Bravoleiken er eit veldig morsomt språkstimuleringsverktøy som er ferdig planlagt og tilpassa rammeplanen. Det er eit heilheitleg verktøy som gjennom trygge barn, sanseopplevingar, og fysisk aktivitet gir god språkstimulering. Vi tenker at dette vil òg styrke arbeidet vårt med Solid Start Sykkylven.

Bravoleiken er utvikla av Heidi Aabrekk, som er frå Sykkylven. Ho fekk denne idèen då ho fekk ein gut med alvorleg hjerneskade og deira kamp for å lære han mest mogleg. Deira måte å jobbe på ga god uttelling, og guten klarte å kommunisere og lese før han fylte 3 år. Bravoleiken har etterkvart blitt veldokumentert og er basert på forskning. Det finst òg verktøy for heimebruk for dei som er interessert.

For dei som vil lese meir: Bravoleiken

No jobbar vi med å implementere desse verktøya i kvardagen vår. Vi har fått mykje ny og god kunnskap, og er på god vei i denne prosessen :)

Til våren tek vi det vidare og knyt på livsmeistring. Då skal vi ha ein heil dag med sjølvaste May Britt Drugli, som er professor i pedagogikk, og velkjend for si forskning og fagtekstar om barn. Dette gler vi oss mykje til!