"Barn i bil"-kampanje

Dei to neste vekene køyrer Trygg Trafikk ein kampanje om sikring av barn i bil, og dei samarbeidar med barnehagane i Sykkylven og lokalt politi. Eit usikra barn kan bli alvorleg skada, sjølv i lav hastigheit. Sørg derfor alltid for å sikre barnet ditt, òg på kortare turar. Montèr barnesikringsutstyret etter produsenten sine anvisningar, og bruk det rett. Alle barneseter er inndelt etter vektklassar, og det er viktig å følge desse klassene.

Lovar og reglar:

Det er påbudt å sikre barn i bil. Barn som er under 135 cm høge skal alltid bruke godkjent barnesikringsutstyr som er rett i høve barnet si vekt. Barn mellom 135 cm og 150 cm skal bruke godkjent barnesikringsutstyr dersom slikt utstyr er tilgjengelig i bilen.

Reglane gjeld for barn under 36 kg, etter dette skal både barn og vaksne sikrast med bilbelte.

Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol i framsetet der det er airbag. Unntaket er visst airbagen er slått av.

I bil der det ikkje er bilbelter skal barn under 3 år ikkje transporterast. Barn over 3 år skal ikkje transporterast i framsete i bilar der utan bilbelte.

Kvifor bakovervendt?

Små barn set sikrast i eit bakovervendt barnesete. Barn har eit stort og tungt hovud i høve resten av kroppen, samtidig som musklar og beinbygnad er svakare enn hos større barn og vaksne.

Det er stor forskjell på å sete forovervendt og bakovervendt:

Forovervendt: Skadereduskjon på ca 65%

Bakovervendt: Skadereduksjon på ca 90%

Barn bør sete bakovervendt så lenge som mogleg, helst til dei er minst 4 år gamle.

Airbag:

Det er forbudt å plassere eit bakovervendt barnesete i passasjersetet foran viss det er ein aktiv airbag der. Airbagen kjem med ei voldsam kraft, og barnet kan bli drept eller alvorleg skada viss den blir utløyst.

Barn som er lavare enn 140 cm bør ikkje sete i framsete med airbag som ikkje er kobla ut. Airbagen er konstruert for å beskytte ein vaksen og kan skade eit barn alvorleg. Viss airbagen ikkje kan koblast ut med nøkkel eller fysisk fjernast på ein verkstad, er baksetet einaste alternativ for plassering av barnet.

Sideairbager er ikkje farlege for barn som set rett sikra, men det anbefalast verken at barn eller vaksne lener seg mot dører med airbag. Sjå spesifikk informasjon i bilen si intruksjonsbok.

Vanlege feil:

Kvart år blir mange barn skada heilt unødig i bil. Dårleg tid og små feil kan få fatale konsekvensar i ei ulykke.

Husk å alltid sikre barnet skikkeleg, sørg for å stramme selane tett inntil barnet og merk om setet står godt nok festa.

Vanlege feil som kan få alvorlege konsekvensar:

  • Belta i barnesetet er ikkje stramma godt nok rundt barnet
  • Bilbeltet ligg under arma eller bak ryggen på barnet
  • Barnesetet er plassert i forsete foran ein airbag som ikkje er kobla ut
  • Monteringsanvisninga er ikkje fulgt nøye nok, og setet er laust/dårleg festa
  • Selen rundt barnet er vridd

OBS! Unngå lause gjenstandar i bilen. Både barn og vaksne kan få alvorlege skadar sjølv av ei brusflaske ved ein bråbrems.

 

Vil du vite meir?

Har du spørsmål om sikring av barn i bil? På tryggtrafikk.no/barnibil finn du utfyllande informasjon, filmar og ein "ofte stilte spørsmål-side". Sjå òg meir på på www.vegvesen.no