Oppstart etter koronatiltak

No har det allereie gått ei veke med nye rutiner etter den nye smittevernrettleiaren under covid-19 utbrotet, og det har gått overraskande bra. Barna ser ut til å vere fornøgde med å starte i barnehagen igjen, og tilpassa seg fort.

Biletet: To kohorter på tur, med god avstand.

 

Dette har vore utfordrande, og krava til barnehagane er mange. Vi trur vi har klart å løyse det på ein god måte, og dei nye rutinene ser så langt ut til å fungere. Det er ein annleis kvardag, veldig rigid i høve det vi er vande med, men utrulig kva som går med rette innstillinga :D

Det har heldigvis vore ei veke med mykje finever, og det har blitt mange turar. Det har gjort starten òg litt enklare, slik vi gradvis får venne oss til det å møte barna ute i alt slags ver.

Heldigvis har alle dei kjekke foreldra her vist forståing for situasjonen, som kan følast både streng og lite fleksibel, men slik må det berre vere ei stund. Vi håper det etterkvart løyser seg, slik vi kan ta tilbake den kvardagen vi kjenner og liker best.

God helg!