I dag har vi leika oss med "katta i sekken", og limbo og dans til sambamusikk med sjølvlaga rytmeinstrument. Vi har sunge saman med barna, og alle har fått vise fram kostymet sitt. Vi avslutta fellessamlinga med teaterframsyning av "Karius og Baktus", noko som var stor stas!
Vel tilbake på avdelingane var det kiosk der barna fekk "handle" pølse med brød, popcorn og saft med bongar som vi har laga.