Satsingsområde
Motorikk og fysisk aktivitet!
Barnehagane i Sykkylven kommune skal arbeide med eit prosjekt vi har valt å kalle Solid Start Sykkylven. Det er inspirert av Gausdalmodellen og handlar om tidleg innsats på motorikk og fysisk aktivitet for å redusere risiko for tilleggsvanskar og skeivutvikling. Målet er å utvikle eit godt fundament for læring, og ikkje minst skape rørsleglede. Det er òg eit helsefremjande og førebyggande tiltak.
Metodar i barnehagen for å skape eit miljø for fysisk aktivitet:
*"Her og no"-Situasjonar *Grunnleggande aktivitet *Tilrettelegging *Song, musikk og rytme *Sosial kompetanse *Omgrepstrening *Ballaktivitet *Samlingsstund *Koordinasjon *Undersøking *Læring *Meistring *Romorientering *Gymleik *Kroppskontroll
De kan lese meir om satsingsområdet vårt i Årsplanen, og om sjølve prosjektet her.