Lihkku Beivviin!

Torsdag 6. februar heisa vi sameflagget og markerte samane sin nasjonaldag i barnehagen.

Denne veka som har gått har fokuset vårt vore på forberedingar til samedagen. Avdelingane har hatt samling i lavvoen kvar sine dagar, og på sjølve dagen delte vi inn i grupper der det kvar sin gang å delta på ei enda meir informativ samling med ekte rekvisitter som vi har fått låne. Dei fikk lære om dei forskjellige tinga, og sjå nærare og kjenne på dei. Eit tema som fenger mange. Samlinga blei avslutta med joik.

Alle barna fekk òg prøve seg på lassokasting denne dagen. Det var vanskeleg, men veldig kjekt. Det har vore framsyning av "Hvis jeg var deg" frå NRKSuper om samar, og vi har teikna sameflagget.

Markeringa blei avslutta med nasjonalretten Bidos, i ein litt light variant med kjøttbollar i staden for reinsdyrkjøt. 

 

"Fakta om samenes nasjonaldag

Samenes nasjonaldag, 6. februar, feires til minne om det første samelandsmøtet som ble holdt i Trondheim i 1917. Dagen markerer fellesskapet på tvers av landegrensene på Nordkalotten. Samefolkets dag markeres i Norge, Sverige, Finland og Russland. I Norge utgjør fest og aktiviteter for barn og unge en sentral del av feiringen. I regi av skoler og barnehager gjennomføres gjerne samiske tema og prosjekt i dagene før nasjonaldagen, og på selve nasjonaldagen blir det stadig mer vanlig med høytidelig feiring og fest. Selve feiringen består gjerne i å pynte seg i samiske kofter, ulike former for kulturinnslag og et samlende måltid som ramme. Dagen ble offisiell flaggdag i Norge i 2004 (henta frå Utdanningsforbundet.no)."

 

Eg ønskjer alle ei god helg, og lihkku beivviin (gratulerer med dagen på nordsamisk)!