Dagsrytme

Barnehagen si kjernetid er mellom kl 9.00 og 14.00. Vi ber om at dykk ringer eller sender ein SMS til avdelinga dersom barna kjem i barnehagen etter kl. 09.00, eller dersom dei tek ein fridag. Det er i denne tida alle tilsette er på jobb og planlagde aktivitetar blir gjennomført, til dømes Solid Start Sykkylven, forming, samlingar og turar. Dagsrytma er meint som ei skisse på korleis ein dag i barnehagen kan fortone seg.

 DAGSRYTME

 

I Krikane Barnehage skal vi til ei kvar tid ha rom for spontanitet og endring av planen. Rammefaktorane kan endre seg, det kan vere f.eks dårleg ver eller sjukdom blant personalet.  Barna skal òg ha rett til å medverke i sin eigen kvardag.