26. februar 2007 opna Krikane Barnehage dørene på eit heilt nytt bygg! Mange spente barn, foreldre og tilsette møtte denne dagen, utan heilt å vite kor vegen skulle gå. Den blei litt "kronglete" i starten, men etterkvart blei den litt rettare og no 10 år etter er vi veldig stolte av barnehagen vi har bygd opp. Ein god og trygg plass for både barn og tilsette. Ein plass vi med rette feira i går!
Program for kvelden var song, tryllekunstnar og kakeeting. Og barna gjorde ein kjempe innsats når dei song, eg blei både rørt og stolt. Vi er heldige som har så kjekke barn i Krikane! Like kjekke og flinke var dei under showet til Tito Magic, engasjerte og gode hjelperar. Her trur eg foreldra og dei tilsette var vel så engasjerte og oppslukte :p Vi enda kvelden med å ete kaker på avdelingane og det blei discotek for barna på kjøkkenet. Hæla i taket!
Takk til dei tilsette som arrangerte kvelden. Takk til barn og foreldre som kom å feira saman med oss. Takk til Tito Magic for showet.
Takk for laget alle saman, vi gler oss til dei neste 10 åra :D Helsing frå Eva Haram Blakstad.