Ut på tur, aldri sur!

Krikane barnehage ligg i sentrumsområdet med tilgang til mange flotte turområder, noko vi benyttar oss av ofte. Vårt eige uteområde er forholdsvis flatt, og har fleire kjekke leikestativ, men natur må vi utom gjerdet for å finne. Vi kombinerer tur med matlaging, solid start og samlingsstunder med forskjelllig innhald. Vi forsker og undrer oss over naturen, og andre spennande tema som kan dukke opp langsmed. Av og til er turmålet turen i seg sjølv, og ikkje staden vi skal til. Utrulig kor mykje spennande ein finn langs vegen, og gode samtaler er det mange av.

Den næraste "destinasjonen" er kunstgrasbana. Den blir flittig brukt gjennom heile året av alle avdelingane. Her leikar vi regelleikar, fotball, sisten, eller kun til å springe. Ein dag i året er heile barnehagen her og har aktivitetsdag. Då er vi delt i grupper på tvers av avdelingane, og alle saman et i lag utanfor klubbhuset.

Berre eit steinkast frå kunstgrasbana har vi Bakkedammen. Dette området får vi låne av Aure skule. Her er gapahukar, bålplass som er flittig i bruk, leikehus og ein stor netting i trea vi kan klatre i. Elva renn rett forbi, og her har vi funne mange elvemuslingar. Det er også kjekt å kaste stein.

Lenger nede ved elva finn vi storhallen. Her er ein kjekk skog og ei sykkelbane som vi har brukt ein del. Her har vi ofte gjennomført Solid start, eller dramatisert eventyr. Brannstasjonen er òg å finne i dette området, og der er vi på besøk ein gang i året.

Heilt nede ved elveosen er fleire område vi brukar ofte. Fjøra på begge sider er kjekk, og her kjem ofte endene og besøke oss. Vi finn krabbe, fine steiner, og tang og tare for å nevne noko. På Auresida har vi volleyballbana, og over vegen har vi kyrkjeparken. Vi brukar òg fjøra ved småbåthavna, og her er fint å vasse. Fjøra på Haugneset er òg populær. Her er vi mest om våren og sommaren på lengre utflukter, med både grilling og bading.

Men viss vi tek andre vegen frå barnehagen og oppover dalen kjem vi til stallen på Haugset. Vi er nemlig så heldig å kjenne nokon her, så det har blitt nokre besøk. Vi har også fått ridd på hest når det har passa seg slik.

I øvste gata over barnehagen og rett under Aurenakken finn vi speidarhytta. Her er gapahukar, gamme og bålplass som vi får låne. Her kan vi gå i alt slags ver, og mat på bål er populært. Går vi over bekken og vidare opp i skogen kjem vi til ein fin granskog vi kallar Trollskogen. Her er hyttebygging av kvister og greiner populært.

Andre turområder vi besøker gjennom året er leikeplassen i Grebstadhagen, leikeplassen i Nakkegata, biblioteket, området utanfor BUAS og heime hos personalet.

Vi kjeder oss ikkje i Krikane barnehage :D