Studiedagar i november

I veke 45 var barnehagen stengd i to dagar, då personalet i Krikane hadde studiedagar saman med fleire andre barnehagar i bygda. Desse dagane dreidde seg hovudsakleg om voksenrolla, og var to kjekke og nyttige dagar.

Torsdag var vi i kyrkjekjellaren. Der vi fekk besøk av ei dame som heitar Ingunn Brønstad. Ei dame med brei erfaring og mykje liv i! Ho var svært engasjerande å lytte til, og latteren gjekk ofte rundt i salen. Ho fortalde, vi fekk reflektere i grupper og kome med innspel, og eg trur alle og einkvar gjekk litt i seg sjølv den dagen. Ein svært nyttig dag!

Link: "Jippi - jeg jobber i barnehage"

 

Fredag var vi på Orreneset saman Vikedalen barnehage. Då var det Lions som var på besøk, med programmet "Mitt valg". "Mitt valg" er eit program både for barnehagar, grunnskular og vidaregåande, for å skape eit godt læringsmiljø og læring av sosial og emosjonell kompetanse. Formålet med programmet er å gi barn tryggheit og kompetanse til å ta sjølvstendige val og til å samhandle med andre. Alle som deltok på kurset fekk kvar si metodebok.

Torsdagkveld vart det òg arrangert for foreldre med barn i barnehage og skule. Håper mange av dykk var der. Eg fekk mange tilbakemeldingar om at det var veldig bra og nyttig. Vi fekk òg ei foreldrebok "De viktige årene". Denne boka låner vi ut, ta kontakt med avdelinga barnet ditt går på for å låne.

Link: "Mitt valg"