Studiedag 26. september

25. og 26. september var det studiedagar på kulturhuset for alle barnehagane i Sykkylven. Barnehagane blei delt i to grupper, då kurset inneholdt både teori og praksis. Vi fekk besøk av to kjekke damer frå Sherborneforeininga, som eit ledd i den kommunale satsinga SOLID START SYKKYLVEN.

Tysdag 26. september møtte damene frå Krikane barnehage opp på kulturhuset. Vi hadde fått beskjed om å ha på gode og bevegelige klede, og var noko spente på kva som venta oss denne dagen. Stort sett består kurs og studiedagar av teori og kunnskap, medan no skulle vi ned på golvet og lære gjennom praksis i tillegg.

Dagen var godt variert mellom teori og praksis, og vi fekk verkeleg både sveitta og bevegd oss utanfor komfortsona vår. Vi var ein medgjerleg gjeng, så vi blei utfordra av damene frå Sherborneforeininga i mange forskjellige øvelsar.

Eg legg ved ein artikkel om Sherbornesystemet her, som var det studiedagane handla om.