Foreldreundersøkelsen 2016

Då er Foreldreundersøkelsen ferdig, og vi fekk inn 81,16% svar. Det er vi veldig fornøgd med!

Det blei lovd ein premie til barna om vi passerte 80%, så eg har bestilt inn smoothie til alle saman! Det er jordbær, ananas og banan i :D

Det blei òg sagt at den avdelinga som fekk høgast svarprosent fikk ein ekstra premie. Det var Blåklokka som stakk av med den seieren, så dei er no i gong med å finne ut kva dei treng på avdelinga som skal gagne barna, i form av leike, spel, bøker eller anna materiell.

Men det viktigaste har vore sjølve svara. Vi tek dei til oss, og jobbar med tilbakemeldingane, gode som dårlege. Vi vil kun det beste for barna, og dykk foreldre. Og sjølvsagt tek vi gjerne i mot tips og råd. Utan kan ikkje vi bli betre!

Vi takkar nok ein gong foreldra, og ønsker dykk ei god helg og førjulstid!

De kan sjå resultata her.