I dag har vi hatt russedåp i barnehagen, og vi er så heldige å no ha ein stor gjeng med flotte rosaruss. Dei neste vekene fram mot 17.mai skal no fyllast med leik, moro og tull og tøys. Huene blir etterkvart fyllt opp med stæsj etterkvart som dei gjennomfører russeknutane. Russetida avsluttast i 17.mai-toget med russerop og sang. For ei tid!! Vi håper rosarussen får ei minneverdig siste tid i barnehagen, om ikkje lenge ventar ein ny kvardag for denne kjekke gjengen.