Krikane Barnehage

Krikane barnehage er ein privat barnehage som er eigd og driven av Krikane Barnehage AS. Barnehagen sto ferdig i februar 2007 og ligg på ei sentrumsnær tomt i Sykkylven kommune. Vi har i pr. i dag 15 barn på småbarnsavdeling og 36 barn på storbarnsavdeling, og vi er 18 tilsette (men fleire har fått plass og byrjar utover vinteren).

Barnehagen består i dag av 3 avdelingar (pr. 31.08.2021):

- Småbarn:

       Blåklokka: 15 barn

- Storbarn:

       Kvitveisen: 18 barn

       Løvetanna: 18 barn

 

Drifta er styrt av "Lov om barnehagar", "Rammeplan for barnehagen" og vedtektene for Krikane Barnehage.

Barnehagen samarbeidar mellom anna med:

- Andre barnehagar i kommuna

- Flyktningkontoret

- Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

- Barnevernstenesta

- Helsestasjon

- Logoped

- Skule

- Kyrkja

- Kommunal fysio- og ergoterapeut

- Fønix

I Krikane barnehage har vi som mål å sende heim trygge og glade barn, som har hatt ein innhaldsrik og kjekk barnehagedag med gode vennskap og mykje leik. Barna skal ha eit personale som skapar ein kvardag prega av nyskjerrigheit og undring, glede og humor, omsorg og anerkjenning. Alle barn er unike og dei skal oppleve å bli sett, oppleve meistring og bli teke på alvor. Personalet har barnet i fokus og arbeidar for barnet sitt beste i nært samarbeid med heimen.

Velkomen til oss i Krikane barnehage :)