Nyttig å vite

Her kan du lese om litt praktisk informasjon som gjeld for barnehagen vår. Du finn litt om opningstider, prisar, rutiner, mat, klede, sjukdom etc.

Opphaldstid

100 % plass fem dagar pr. veke.

 

Pris

Full plass kostar 3135,- pr månad frå 01.01.2020.

Mat pengar på 350,- kjem i tillegg.

Det betalast for 11 månadar i året, juli er betalingsfri månad.

Syskenrabatt for barn nr. to er 30 % og nr. tre 50 %.

 

Opningstid

Barnehagen held opent fem dagar i veka fra kl. 06.45-17.00

Opphaldstid for det enkelte barn skal begrensast innanfor den gitte opningstida.

Barna skal leverast og hentast innanfor den fastsatte opningstida.

Barnehagen er stengd på heilagdagar og har redusert opningstid (til kl.12.00) på jul- og nyttårsaften, samt onsdag før skjærtorsdag. Barnehagen gir nærare beskjed til foreldra ved andre bestemmingar.

Barnehagen er stengd i høve med plandagar (inntil 5 plandagar i året). Beskjed blir gjeve i god tid.

Barnehagen held ope heile året. Barnehagen vil likevel forbeholde seg retten til å stengje dersom det blir påmeldt 7 eller færre familiar i høgtidene (romjul, påske) og i fellesferien. Behovsundersøking fastsett den endelege opningstida i ferien. Beskjed blir gjeve i god tid.

(Les vedtekter for Krikane Barnehage for meir info)

 

Mat

Barna får servert lunsj og ettermiddagsmat i barnehagen. Måltida består av brød, knekkebrød, drikke(mjølk/vatn) og frukt/grønsaker. Det vil bli servert varmmat til lunsj ein dag i veka.

Vi serverer ikkje frukost i barnehagen, så dei som vil ete frukost her må ta med det sjølve.

 

Kjernetid

Kjernetida er mellom 9.30 og 14.00. Det er i dette tidsrommet alle tilsette er på jobb og planlagde aktivitetar gjennomførast, t.d. samlingar, bursdagsmarkeringar og turar. Dersom eit barn vert levert seinere enn 9.30 vil vi gjerne ha beskjed om det.

 

Bringing av barn

Når dykk kjem om morgonen skal dykk følgje barna inn på avdelinga. De må alltid gi beskjed til ein av personalet på den avdelinga om at barnet har kome.

 

Henting av barn

Dykk skal alltid gi beskjed til personalet dersom det er andre enn dei dykk har ført opp på Opplysningskjemaet som skal hente barnet.

Sei ALLTID i frå til ein i personalet når dykk hentar barnet.

Når dykk leverar eller hentar; ver venleg å ikkje la bilen stå på tomgang! Vi ønskjer at lufta barna pustar inn skal vere frisk og rein.

 

Klede

Barnet må alltid ha minst eitt, gjerne to, klesskift liggande på plassen i garderoba. Det er viktig at dette er på plass kvar dag. Veldig viktig at kleda i barnehagen er tilpassa årstid og ver.

Huskeliste klede:

- minst eit ekstra klesskift (undertøy, strømpebukse, sokkar, bukse og genser)

- varme klede for kalde dagar (Ull og fleece bukse og genser, varme sokkar)

- Innesko, tøfler eller sandalar

- Utedress

- Regntøy

- Støvlar/cherrox

- Lue

- Vottar

 

Skotøy inne

Besøkande, foreldre og barna må ta av seg utesko i garderoba. Alternativt kan ein ta på seg blå skoposar.

 

Solkrem/Kuldekrem

Ta med krem så barnet har i hylla si. Merk flaskene med navn. Barnet bør vere smørt med krem når dei kjem i barnehagen på solskinnsdagar og veldig kalde dagar. Vi tek smørerunder midt på dag og etter behov.

 

Leiker

Det er ikkje ønskjelig at barn tek med eigne leiker til barnehagen. Smokker, kosebamsar o.l kan ligge igjen på barnet sin garderobeplass.

På storbarn har dei "skattekiste" kvar fredag. Her får eit barn ta med seg ei leike heimanfrå som dei får vise fram i samling. Denne får ligge i skattekista denne fredagen.

 

Merking

NB! Alle klede må vere godt merka med navnelapp eller vannfast tusj! Det gjeld også dersom barnet har med seg leikar, kosebamse, pledd e.l.

 

Soving

Dei minste barna søv ute i eiga vogn. Blir det for kaldt tek vi vognene inn. Husk insektsnett og regntrekk. Alle barna må ha gode posar og pledd om vinteren. Om sommeren ønskjer vi at dei har sommardyne eller pledd. Vi oppbevarer det barna søv i inne og vognene i eit eige vognskur. Vi oppfordrar alle om å ta med pledd/poser/dyne heim regelmessig for vask.

 

Bursdagsfeiring i barnehagen

Når nokon har bursdag heng vi ut flagg og vi skriv gratulasjonsmelding på tavla i garderoba. Barnehagen har nokre alternativ til kos, som t. d. fruktsalat, smoothie, fruktspyd, som vi lagar etter barnet sitt ønskje.

Avdelingane lagar bursdagskort/bursdagsbok til bursdagsbarnet og sjølvsagt ei flott bursdagskrone. Vi har også eit eige bursdagsskap med krone, kappe og noko fint å pynte bordet med til denne dagen.

 

Sjukdom

Dersom barnet er sjukt skal det haldast heime til det er friskt igjen. Allmenntilstanden skal vere så god at barnet skal kunne vere ute og at det skal kunne delta i aktivitetar på lik linje med dei andre barna. Det er allmenntilstanden som avgjer.

Der er ein del retningslinjer som vi i barnehagen følgjer, sjå dokument utarbeida av folkehelseinstituttet.

Tiltak ved smittsomme sykdommer

 

Koronapandemien

Informasjon kan hentast her:

Sykkylven kommune

Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet

PBL

 

Retningsliner frå kommunelegen i høve sjukdom under Covid-19