Samefolkets dag

6. februar er samane sin nasjonaldag. Nasjonaldagen blei vedteken av samekonferansen i 1992 og er felles for alle samar i Norge, Sverige, Finland og Russland. Datoen er valgt på grunn av det første samiske landsmøtet 6. februar 1917.

I barnehagen har vi lært litt om samane den siste tida, og vi har sett opp ein lavvo og ein vegg med informasjon og bileter som har vore i bruk i samlingsstund. Barna har òg hatt forskjellige formingsaktivitetar og teikna sameflagget.

I dag fekk vi besøk av ei dame som heiter Toril Larsen, som har samisk opphav og fortalde oss litt om kulturen og viste fram klede og sko, dukker, belter, samekniv og ei lite tromme. Hennar drakt kjem frå Tana, men kan òg brukast i Karasjok. Ho hadde til og med teke med tørka reinsdyrhjerte som vi fekk smake.

I tillegg til Toril fekk vi besøk av ein bestefar og ei bestemor; Leif og Gunveig, der bestefar har samiske aner, og kunne både snakke litt samisk og kaste lasso, dette var veldig spennande og lærerikt. Dei hadde med seg belter, sko, samekniv, samiske lærebøker og fleire bileter av samar frå forskjellige områder.

Heile barnehagen fekk varmmat i dag, basert på den samiske nasjonalretten Bidos med grønnsaker og reinsdyrkjøtt.