Tysdag 2. april fekk Sykkylven besøk av Jan Spurkeland, kjent forelesar innafor feltet relasjonskompetanse. Dei fleste som jobbar med barn har nok både høyrt om temaet og mannen, og alt de har høyrt stemmer x10. Dette er ein av dei betre studiedagane vi har hatt, og vi var alle einige om at dette kunne godt ha vart mange dagar. Veldig nyttig og bra tema, som eg tenker dei fleste har tru på og meinar er viktig. Ikkje berre for barna i barnehagen og skulen sin del, men òg dei vaksne og arbeidsmiljøet. Eigentleg burde dette vore pensum for alle som arbeidar med menneske.
"Relasjonskompetanse er ferdigheter, evner, kunnskaper og holdninger som etablerer, utvikler, reparerer og vedlikeholder relasjoner mellom mennesker (Spurkeland, 2012). Denne kompetansen er grunnleggende for hele vår tilværelse. Vi har behov for den i hvert møte med andre mennesker, og den blir særlig viktig når disse møtene har karakter av daglige og repeterte mønster av kontakt slik vi har det i barnehagen. Kompetansen er avgjørende for samarbeid, læring, arbeidsmiljø og effektivitet. Noe av kompetansen er utviklet gjennom livets sosiale trening, men svært mye kan forbedres ved bevissthet og øvelse.
Relasjonskompetansen vår er en avgjørende faktor for å skape gode barnehager. Ingenting er så viktig for kvaliteten som vår evne til å etablere positive, sensitive samspill der det enkelte barn blir forstått og møtt." (Lysebo og Bratt, 2017).
Vi har sidan jul arbeida med relasjonskompetanse i barnehagen, og vi vil halde fram ei stund til med dette. Vi har trua på at dette styrkar arbeidsmiljøet og samhaldet oss vaksne i mellom, og dette vil smitte positivt over på barna igjen. Vi er bevisst på eigen åtferd og haldningar, og dette ser vi nyttar på mange områder. Vi har òg hatt student i nokre veker no som har hatt temaet i sitt utviklingsarbeid. Dette er eit tema vi har vore innom fleire gongar før, men ny bevisstgjering og fokus på temaet er aldri feil.
Vi møter no våren og sommaren fulle av energi og arbeidsglede, og ser fram til lange lyse dagar saman med barna dykkar.