FN-DAGEN

På FN-dagen 24. oktober arrangerte barnehagen kafè. Vi selde kaker som foreldra baka, lodd og kunst av barna. Det vart eit godt bidrag, og vi er stolte og takksame for barna og foreldra vi har i barnehagen, utan dei hadde det ikkje gått!

Bidraget vårt i år går til UNICEF og årets TV-aksjon som skal gi skulegong og håp for barn i Colombia, Mali, Sør-Sudan, Pakistan og Syria.

1 av 5 barn i krigs- og konfliktområder står i dag utan skulegong. Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står framtida til eit heilt land på spel. Unicef jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av at vaksne krigar.

Kvart barn er ei moglegheit!