Solsikkeaksjon 2014

Fredag 24.oktober inviterte barnehagen foreldre, søsken og besteforeldre til Kunst-kafe. Inntektene gikk til SOS- barnebyar sin Solsikkeaksjonen der målet er å gi barn i Zimbabwe ein trygg heim.

I oktober månad har vi hatt fokus på SOS-barnebyar og born i andre land. Dette avslutta vi med fredag 24. oktober då vi inviterte foreldre, søsken og besteforeldre til kunst-kafe i barnehagen. Borna laga kvart sitt bidrag som vi hengte opp til ei kunstutstilling, og foreldre stilte med kaker så vi fekk laga kafe.

Dagen var fylt med god stemning og godt oppmøte, og vi fekk inntrykket av at både små og store hadde ein fin dag og kosa seg. Kunsten som borna lagde fekk foreldre kjøpe med seg heim, og saman med inntektene frå kafeen vart det samla inn heile 6711 kr. Vi vil takke for alle bidrag og håper alle hadde ein fin dag.