Endra søknadsfrist for barnehageåret 2018/2019

Søknadsfrist til hovudopptaket er 14. februar 2018! Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2018. NB: Søknadsfristen til hovudopptaket har tradisjonelt vore 1. mars, men vert no flytta fram om lag to veker. Årsaka til dette er at kommunestyret har fatta vedtak om budsjettkutt i barnehagesektoren som kan innebere at ein kommunal barnehage vert lagt ned frå komande barnehageår. Dersom dette vert ein realitet, treng kommunen lenger tid på prosessen kring hovudopptaket. Endeleg vedtak vert fatta 27. februar.

I Sykkylven kan ein velje mellom 5 kommunale og 4 private barnehagar. I år er det ekstra viktig at søkjarane kryssar av for flest moglege alternativ i prioritert rekkjefølgje. Søkjaren har ikkje større moglegheit for å få innfridd sitt ønskje ved å krysse av for berre eitt eller to alternativ. Dei barna med flest opptakspoeng (basert på opptakskriterier) får tildelt plass først. Barn som ikkje får plass ved nokon av sine prioriterte alternativ, blir tildelt plass på slutten av opptaket ved ein av barnehagane som har ledig kapasitet.

 

Alle barn som er fødd før 1. desember 2017 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket.

 

Dei søkjarane som ikkje får innfridd 1. eller 2. prioritet har klagerett.

 

Alle søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet. NB: Hugs å nytte skjemaet for 2018/2019. Dersom de treng hjelp for utfylling ta kontakt med Servicekontoret på telefon 70 24 65 00.

 

Desse må søkje:

- Barn som ikkje har barnehageplass

- Barn som står på venteliste

- Barn som har plass, men som ønskjer å bytte barnehage

 

(Informasjon er henta her.)