Krikane barnehage er ein sentrumsbarnehage, men vi har barn frå monge krinsar. Beliggenheita vår er midt i smørauget, der vi har nytte av alle tilbod eit sentrum har, som bibliotek, brannstasjon, butikkar, museum, fotballbane og svømmehall, berre for å nemne nokre. Vi har mange flotte turområder, både i skog og fjell, men òg ved sjø og elv. Sjekk ut nærare her: Ut på tur, aldri sur! Vi nyttar nærområdet ofte fleire gongar i veka.
Personalgjengen består av 17 tilsette, og er ein stabil gjeng med lang fartstid i barnehage og mykje fagleg kompetanse. Vi har hatt gode og faste vikarar ved behov, som gir tryggleik til både små og store. Vi har høg tettleik av pedagogar, og barne- og ungdomsarbeidarar, fleire med vidareutdanning og mange har ekstra kurs og kompetanse innanfor barn med spesielle behov. Vi kurser oftast alle når vi skal lære noko nytt, noko som gir felles kompetanseløft og samhald i gruppa, og ein sterkare og meir samkøyrd barnehage.
I fjor teikna vi ein samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda, og er no ein studentbarnehage. Dette ser vi som ei god moglegheit for heile barnehagen å utvikle seg på, der vi blir tilført mykje ny kunnskap og nytenkning, samtidig som vi stadig får vurdert bedrifta og sett eit kritisk blikk på oss sjølve. Dette lærer vi mykje av, og kjem absolutt barna til gode.
Personalet er trygge i rolla si og veit kor viktig vaksenrolla er for barna si utvikling. Å forstå barn sine uttrykk er av stor betydning, og anerkjennande og støttande relasjonar fremhevast som særlig viktige. Barnehagen skal òg arbeide med å støtte og fremme dei sosiale ferdigheitene både til enkeltbarn og barnegruppa. Tema vi har jobba ekstra mykje med siste åra er relasjonskompetanse, sosial kompetanse, mobbing, språkmiljøet og no har vi byrja med livsmeistring. I rammeplanen vektleggast det at dei vaksne skal vere aktive og tydelege for å fremme eit godt sosialt miljø, der språkmeistring blir sett på som ein integrert del av mellommenneskeleg interaksjon, og at bruk av språket såleis vert ein del av den sosiale konteksten.
"Autoritativ voksenstil er et pedagogisk verktøy
Ved at de voksne anstrenger seg for å leve seg inn i barnas frustrasjoner, ønsker, behov og utfordringer og viser dem omsorg, vil barna kjenne at de blir møtt og hørt. De voksne støtter også opp under barnas autonomi (medvirkning og handlefrihet). Dette danner et godt grunnlag for relasjonsbygging med barnet. Da vil de også være mer mottagelige for tydelige grenser fra aktive voksne.
Den autoritative voksenstilen kan derfor brukes som et verktøy i all pedagogisk sammenheng. Ett kjennetegn i denne måten å arbeide på er at relasjonen mellom barnet og den voksne er en grunnstein for alt annet arbeid (Pål Roland)."
Krikane barnehage har forsatt ledige plassar, søk gjerne her :)