Modellen SOLID START SYKKYLVEN

SOLID START SYKKYLVEN er ei satsing på motorikk og fysisk aktivitet i barnehagen, etter inspirasjon frå Gausdalmodellen (http://www.gausdal.kommune.no/gausdalprosjektet.193973.no.html). Satsinga er i samarbeid med kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, og omfatter alle barn i aldersgruppa 3-6 år i barnehagen. Nokre barnehagar vil òg inkludere dei minste barna, og det gjer vi i Krikane barnehage.

Vi skal følgje eit årshjul i motorisk aktivitet. Dette er med og legg grunnlaget for utvikling av ferdigheiter som skal gjere barnet meir modent og klar for læring ved skulestart. Motorikk blir ikkje utvikla av seg sjølv, men vi må gjere ting mange gongar for at vi skal meistre ei fysisk oppgåve. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i aktivitet. Aktivitetane skal vere ein naturleg del av dagleg leik, og dei merkar ikkje at dette er trening. Det skal vere morosamt og kjekt! Aktivitetane skal vere for alle, og dei skal vere tilpassa.

Dette prosjektet vil krevje litt ekstra fokusendring i starten, men målet er at aktivitetane skal bli ein naturleg del av barnehagekvardagen. Vi ser fram til eit spanande og aktivt år!