Open dag i Krikane barnehage

Torsdag 9. januar kl 17 og torsdag 16. januar kl 10 inviterer vi til open dag i Krikane barnehage. Velkomen!

Er du usikker på kva barnehage du skal velge til hausten? Ta gjerne ein tur å besøk oss i Krikane, sjå deg rundt på området, både ute og inne, og snakk gjerne med personalet, vi tek i mot alle spørsmål :D

Torsdag 9. januar kl 17 fyrer vi opp bålpanna vår og serverer pølse med brød og varm saft. Kle dykk etter veret, vi blir ute (med muligheit til å sjå seg rundt inne).

Torsdag 16. januar mellom kl 10-12 kan dykk besøke oss medan barnehagen er open, og dykk kan få eit inntrykk av korleis vi har det her. Bli gjerne til lunsj, kl 11 på småbarn og kl 11.30 på storbarn.

Vi ser fram til å helse på dykk :D