Implementering av ny rammeplan

Onsdag 15. november fekk vi besøk av Silje Ims Lied frå Høgskulen i Volda, som haldt kurs for alle barnehagetilsette i Sykkylven om korleis vi kan implementere den nye rammeplanen som kom i august.

Ein rammeplan utleiar samfunnsmandatet Stortinget har gjeve barnehagen gjennom barnehagelova. Det er ei føreskrift til lova og dermed forpliktande, og eit pedagogisk verktøy for alle som jobbar i barnehage. Å implementere noko som ein ny rammeplan seier ho tek lang tid, at det ikkje er gjort over natta. Det er ein kontinuerleg og systematisk prosess.

Dette var ein vellykka og interessant kveld, og vi set att med mykje inspirasjon og motivasjon til å fortsette arbeidet :D

Den nye rammeplanen kan du lese her.