Ein god start på det nye året

No skine sola i barnehagen, Og vi er glade som aldri før, Vi tek av hue og tjukke dressa, Og nyter varmen i godt humør. Heisann, no koser alle seg, I sola med deg og meg!

No byrjar vinteren å sleppet taket, og vi kan sjå tilbake på ei kjekk etterjulstid, samtidig som vi sett snuten mot ei varmare tid. 21. mars var det vårjevndøgn, og teikna på vår er allereie observert.

I januar reiste vi både til Hawaii og vi sto på ski på ei og same veke. Ei veke med mykje aktivitet, og moro for både små og store. Vi avslutta januar med fellessamling på kjøkkenet der nokre av barna på Kvitveisen dramatiserte korleis vi gjennomfører førstehjelp. 

6. februar markerte vi samane sin nasjonaldag med gruppeaktivitetar rundt om på barnehagen, ein ny vri med stor suksess. Før vinterferien var det karneval, og det blei sjølvsagt feira med brask og bram. Vi hadde ei aldri så lita dramatisering der Desiree var armane til Siri Anne og dei pynta ei kake og smakte på. Dette var veldig morsomt, og filmen måtte berre delast med foreldra.

Men ikkje nok med det; sola har kome tilbake til Krikane, og det går ikkje forbi i stillheit. 14. mars var solbollane klar, solkronene var på plass på hovuda og dei vaksne på Blåklokka dramatiserte fabelen om Sola og vinden. Dette har vore tradisjon i barnehagen i mange år, og den er fortsatt like populær.

På agendaen no om dagen er det vårteikn og forberedelsane til påske har så smått byrja. Vi er så heldige å fått låne oss ei rugekasse på Marikåpa med over 40 egg, og gjett om vi gler oss til nokre søte små kyllingar til påske. Barna er svært opptekne av egga, og blir godt passa på.