Velkomen til oss i Krikane Barnehage!
Krikane barnehage har vi som mål å sende heim trygge og glade barn, som har hatt ein innhaldsrik og kjekk barnehagedag med gode vennskap og mykje leik. Barna skal ha eit personale som skapar ein kvardag prega av nyskjerrigheit og undring, glede og humor, omsorg og anerkjenning. Alle barn er unike og dei skal oppleve å bli sett, oppleve meistring og bli teke på alvor. Vi jobbar for at barna skal få ein tilpassa og utfordrande barnehagekvardag der barnet sitt beste er i fokus, i nært samarbeid med heimen.